Anders Aarebrot

Direktør

Elisabet Løvlid

Hotell- og bookingsjef

Om Oss

Havila Hotel Raftevold ligg i hjartet av fjord-Norge. Den vakre hagen vår ligg vendt mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Hotellet ligg nær Geirangerfjorden som står på Unescos verdsarvliste, Briksdalsbreen og Vestkapp-platået. Jugendbyen Ålesund med sin vakre og historiske arkitektur ligg berre to timars køyretur unna via E39.  Næraste flyplass er Ørsta-Volda lufthamn, ein god halvtime frå hotellet.

Havila Hotel Raftevold er eit innbydande og venleg boutiquehotell. Hotellet har nyleg vorte renovert og fått ein ein moderne og fargerik stil. Alle roma har wifi og vakker utsikt. I Dølen Eteri serverer vi lekre menyar basert på ferske, lokale råvarer og god tradisjonsmat. Vi tilbyr også gratis parkering ved hotellet og moderne møtefasilitetar.

Våre Fasilitetar

Alle roma på Havila Hotel Raftevold er nyleg pussa opp. Kvart rom har flatskjerm-TV, skrivebord og eige bad med dusj. Dei fleste av rommene våre har balkong anten mot vatnet eller fjella.

  • Kurs og konferanse. Spør oss om pakkepris inkludert overnatting.
  • Weekendpakkar – fjellturar – museum – omvising
  • Bryllaup – dåp – konfirmasjon – jubileum og slutta lag
  • Frukost – lunsj – middag – a la carte – buffet (vegetar/fitness)
  • Konsert – arrangement

Vår historie

Det startet så smått i 1867

Raftevolds Hotel vart grunnlagt av Ola M. Raftevold i 1867, og i over 150 år har Raftevolds Hotel vore eit landemerke og ein viktig arbeidsplass i kommunesenteret Grodås.

Grunnleggaren, Ola Martinus Raftevold, dreiv både hotell, skysstasjon og landhandel. Denne kombinasjonen var svært vanleg for mange hotelleigarar frå slutten av 1800-talet og langt opp i vår tid. Vi finn slik kombinasjonsdrift både hos Lindstrøm i Lærdal, Kvikne i Balestrand og hos Hjelle i Oppstryn.

Ola M. Raftevold starta hotelldrifta i det små. Han kjøpte eit gamalt naust på Grodåssanden og starta handel. Året etter kjøpte han nabonaustet der det var tingstove i første etasje og overnattingsrom på loftet. Der var det to gjestesengar.

No har hotellet 44 rom og er ein del av Havila-konsernet si satsing innan reiseliv.

Hotell Ivar Aasen © 2018