Velkommen til Havila Hotel Raftevold
Havila Hotel Raftevold ligg i hjartet av fjord-Norge. Den vakre hagen vår ligg vendt mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Hotellet ligg nær Geirangerfjorden som står på Unescos verdsarvliste, Briksdalsbreen og Vestkapp-platået. Jugendbyen Ålesund med sin vakre og historiske arkitektur ligg berre to timars køyretur unna via E39. Næraste flyplass er Ørsta-Volda lufthamn, ein god halvtime frå hotellet.